Leikeland - Vesterland Feriepark

Time slots

torsdag 6 aug 2020

{{ capacity.name }} {{ capacity.description }}
Arrangementsinformasjon

Bestill din billett til Leikeland her! 

Leikeland vil ha ope kvar dag i sommarferien, frå 09 - 21. Kaféen vil vere bemanna frå 11 - 17. 


Som ein del av tiltaka mot koronasmitte har Vesterland beslutta at alle gjester må førehandsbestille billettar til fasilitetane våre. Det er i hovudsak to grunnar til dette; 

1. Det er nødvendig for oss å samle inn kontaktinformasjon og opplysningar om gjestene våre i denne perioden, slik at me kan bidra til å drive effektiv smittesporing ved eit eventuelt tilfelle av covid-19. 

2. Avstandsreglar gjer at me ikkje kan ta i mot like mange besøkande som normalt. For å unngå bomtur er det difor nødvendig at alle bestiller billetten sin på førehand. Alle tilgjengelege billettar vert lagt ut for sal her, me har ikkje noko sal i resepsjonen. 


Smittevern

Vesterland Feriepark føl smittevernveiledaren for aktivitetsparkar, som er utarbeida av Virke Reiseliv. Dersom du ynskjer å lese denne, finn du den her: Smittevernveileder aktivitetsparker - Virke

Ansvarsfraskrivelse

Det er strenge reglar for bruk av hoppeslott i Norge. Me stiller difor krav til at det er ein vaksen person (over 18 år) som er ansvarleg for borna som er med. (Inntil 7 born pr. vaksen).

Den som er med borna i Leikeland må gjere seg forstått med følgande:
Eg tek ansvaret for desse borna den tida dei leikar i Leikeland. Eg er samstundes vakt for desse borna den tida dei nyttar hoppeslott i Leikeland og er plassert i lokalet slik at eg har kontroll og kan gripe inn om det skulle oppstå ein situasjon der det er naudsynt.
Dersom straumen går, eller ein av hoppeslotta stoppar, syter eg for at hoppeslott(a) vert evakuert til det igjen er i orden.
Eg vil gi beskjed til personalet ved Vesterland eller sjølv bryte inn og stoppe leiken dersom eg meinar leiken vert for hard eller rampete av ein eller fleire ungar.
Eg er klar over at det ikkje er tillete å klatre på sideveggene på hoppeslotta.