Hagekonsert - Odd-Erik Lothe - "frå jordbær og grasbrann til Rust"

Arrangementsinformasjon

Vesterland Feriepark arrangerar hagekonsert ved Kafé Timber med Odd-Erik Lothe med band. 

På denne konserten framfører Lothe kjente songar som har vert spelt på radio og konsertar dei siste 25 åra.

Nordfjordingen Odd-Erik Lothe er ein svært allsidig artist med base i eit utvida visebegrep. Varemerket er poetiske tekstar på nordfjordmål kobla med eit mangesidig musikalsk uttrykk  med islett av jazz, blues, country, easy listenting og skandinavisk visetradisjon. Sidan midt på 90-talet har han gjeve ut musikk på norsk, fyrst med bandet Fabel og sidan under eige namn og med banda LOTHE og Krom. Utgjevingane har hausta kritikarros og han har bl.a. fått fylkeskulturprisen i Sogn og fjordane, vore nomieret til spelemannspris og to gonger fått album kåra til årets beste av NRK P1. 

Musikken hans er til stadig å høyre på radio. Songar som Jordbær og grasbrann, Nordfjordnatt, Sukker & salt, Den finaste songen og Heimlig himmel er blant songane du vil kunne høyre om du lånar ein kveld til denne artisten. 

Kafé Timber vil vere open frå klokka 18.00. Dersom du ynskjer å bestille bord, send oss ein e-post på post@vesterland.no


Smittevern (Covid-19)

Vesterland Feriepark har eit sterkt fokus på smittevern. For dette arrangementet vil hovedfokuset vårt vere å sikkre at det er 1 meter avstand mellom alle gjester som ikkje er ein del av same husholdning. Det vil ikkje bli seld fleire enn 200 billettar, og me legg opp til at det skal vere så få kontaktflater som mogleg. 

Me føl smittevernsvernveiledarane utarbeida av Virke Reiseliv. For dette arrangementet vil me basere våre tiltak på smittevernsbrosjyra "Virke smittevernsbrosjyre Hotell og Konferanse", i tillegg til "Virke smittevernbrosjyre Serveringsstader".


Ved dårleg vær vil konserten bli flytta inn i Vesterlandhallen.