Gunslingers "Float-in" konsert på Eidsfjorden Sogndal

Arrangementsinformasjon

Baot-Tour 2021 er i gang og arrangerar "Float-in" konsert i Sogndal.

Den freda bilferja MF Skånevik ankrar opp som flytande scene for Gunslingers innerst i Eidsfjorden i Sogndal den 12. juni. Det vert lagt opp ei lang trosse fra ferja og til land samt fendrar på skutesiden akter der "baota" kan legge til utanpå kvarandre i rekker. Pr. i dag sel me 400 billettar for folk i baot, og 200 billettar på land på badestranda i Eide. 

Gjester som har gyldig medlemskap i redningsselskapet får gratis ved å visa gyldig medlemskap, men lyt sende epost på førehand til post@baot-tour.no for å registrere seg. Medlemmane i RS vert ein del av dei 600 totalt me har lov å ha på arrangementet.

Når det er utsolgt for billettar, er det fullt for alle. Dei andre ombord lyt løysa billett.

Det vert solgt billettar pr. person og ikkje pr baot.

gunslingers
festival
konsert
country

Restriksjoner

Alle båtar lyt ha redningsvestar til alle ombord. Me anbefaler å ta med ein dregg om de treng å kvile ut til neste dag.
Me ber om varsamheit ved matlaging med åpen flamme ombord.

Ansvarsfraskrivelse

Arrangør er ikkje ansvarleg for fortøynigar og skader som måtte oppstå på fartøy. Alle lyt ha tilstrekkeleg fendrar og fortøyninger til ei side om de skal ligge utpå kvarandre. Alle båtar legg til på eige ansvar. Det går og å ankre opp med eige anker/dregg.